Boreløyve for brønn 7221/12-1 i utvinningsløyve 659

Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 7221/12-1, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 7221/12-1 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Stavanger i posisjon 72o 8′ 18,68″ nord og 21o55′ 50,32″ aust.

Boreprogrammet for brønn 7221/12-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 659.

Aker BP ASA er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (30 prosent) og Lundin Norway AS (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokkene/del av blokkene 7121/3, 7122/1, 7122/2, 7221/12, 7222/10, 7222/11 og 7222/12.

Brønnen blir bora om lag 20 kilometer nordvest for funnbrønnen 7222/11-2 (Langlitinden).

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.